torsdag 9. september 2010
"Liket", av Tor Jonsson
Novella Liket frå boksamlinga Nesler 1952, er veldig godt skrive. Novella handlar hovudsakleg om gutane Arne og kompisen hans(forteljaren) som bur i ei lita bygd.
Arne er rundt 14 år då han får ein augesjukdom, og blir sendt til Rikshospitalet i Oslo for og bli frisk.
Det tar ikkje lange tida før Arne blir frisk og vender kursen attende mot heimbygda. Det er denne byturen som skal endre livet til Arne, bare på grunn av ei lita gåve han fekk av slektningane sine i Byen. Mange av gutane og de vaksne møter opp på bensinstasjonen får og ta imot Arne, sidan det ganske sjeldan folk reiser inn til byen. Arne går ut av bilen ganske bleik i ansiktet og har på seg ein kvit lang anorakk som er gåva han fekk av slektningane sine i byen. Alle ser rart på kleda til Arne og vil flire, men klarer og holde att. Heilt til den digre og "tøffe" Anders ropte: Kjem guten att som eit lik?! Eg synest han har fått på seg likskjorta! Då sprekk heile folkemengda og flirer det dei klarer. Arne blir trykt langt ned i bakken og føler seg hjelpelaus. Arne gjeng sin veg og føler seg nedtrykt, eg personen spring etter han for og trøyste han, sjølv om han var med og flira av han.
Arne og eg personen fortsetter og vere venner , men ikkje når dei er saman med andre. Då trekker kompisen til Arne seg vekk og er med og gjere narr av han. Det held fram med at uansett kvar Arne gjeng er det ikkje til og unngå og høyre ein eller anna menneske som ropar: ”Sjå der er liket!” . Det ender med at Arne tar livet av seg ein vakker heilag 17 mai ved hjelp av dynamitt han skaffa dagen før.
Novella ender med at kompisen til Arne gjeng opp ei li der han tar med seg penn og papir og skriv om den døde og kronar han med gravferdsbyrder og alt sitt brennande anger over kva han har gjort. Og er sjølv nær ved og ta sitt eiget liv fleire gonger, men når han kjem innom tanken på Arne som sprengde livet sitt klarer han og vende om.
I denne novella trur eg Tor forsøkjer å nå svake ungdommar som har lett for og følgje straumen og fleirtalet, ved og vende seg mot sine eigene venner i staden for og støtte dei. Det minner også born og ungdommar på kva som kan skje visst du mobbar eller er litt får slem mot enkelte personar som kanskje har nok trøbbel frå før av.
Anders ;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)